Møteplass Sogn blir arrangert i Sogndal onsdag 16.oktober kl. 17.30. Fagfolk møter kl.17.00.
MØTEPLASS (MP) er ein arena for eit likeverdig møte og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk, der pårørende sin situasjon er i fokus. Det blir eit kort innlegg frå ein fagperson og frå ein pårørande om: «Heilskaplege tenester – til det beste for alle»
Etterpå blir det samtale og erfaringsutveksling iblant dei frammøtte.
Møteplass er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal kommune, Indre Sogn psykiatrisenter og LPP Sogn og Fjordane.
Påmelding og spørsmål på SMS eller telefon til:
Helen Kronstad i psykisk helseteam, Sogndal kommune på tlf 45 87 97 27, e-post: Helen.Kronstad@sogndal.kommune.no
eller
LPP-kontakt Astrid Gytri på tlf. 90 13 89 82., e-post: sognogfjordane@lpp.no