Tilbod i Sogn og Fjordane i oktober

I oktober blir det nye Møteplassarrangement både på Eid, i Førde og Sogndal. Håper at mange vil melde seg på og delta i dialog om viktige tema. Det er sjølvsagt også mogleg å delta på møta utan å seie noko.
Møteplass er ein arena der pårørande sin situasjon er i fokus og det blir synleggjort korleis hjelpeapparatet sine handlingar/mangel på handling påverkar familien. Når pårørande og fagfolk snakkar saman så forstår ein meir av kvarandre sine utfordringar og ein kan finne gode løysingar på felles problem. Hensikta med Møteplass er å få betre tenester til pasientar og pårørande i kommunar og helsefortak.

 

Møteplass i Florø 9.oktober

Sunnfjord medisinske senter, inngang nord, kantina 3. etasje kl. 17.30 – 20.15

Tema: ”Å leve med det som ikkje går over

Påmelding og spørsmål:
PHR Kinn kommune v/ Sunni Sandal tlf. 95710066,
PHR Sunnfjord kommune v/ Tonje Frøiland tlf. 99 54 06 97, e-post: Tonje.Froiland@sunnfjord.kommune.no
LPP v/ Astrid Gytri tlf. 90 13 89 82, lpp.sfj@lpp.no

 

Møteplass i Nordfjord tirsdag 15.oktober kl. 17.30 – 20.15

Stad rådhus 2.etg

Tema: «Einsemd»

Påmelding og spørsmål:
Kristin Heimlid Øiestad, tlf: 926 21 076, e-post: kristin.oiestad@stryn.kommune.no
Astrid Gytri, Tlf: 90 13 89 82 – E-post: lpp.sfj@lpp.no

 

Møteplass i Sogndal onsdag 16.oktober kl. 17.30- 20.15

Sogndal bibliotek, Sogndal kulturhus

Tema: «Heilskaplege tenester – til det beste for alle»

Påmelding og spørsmål:
SMS eller telefon til Helen Kronstad i psykisk helseteam, Sogndal kommune på tlf 45 87 97 27
LPP-kontakt Astrid Gytri på tlf. 90 13 89 82 innan 16. oktober

Alle vaksne, over 18 år, som er pårørande til menneske som har utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus er velkommen til å delta på Møteplass. Ein treng ikkje vere medlem i LPP for å delta. Arrangementet er gratis.
De kan gjerne sende informasjonen om Møteplass vidare til personar som de tenkjer kan ha interesse av arrangementa.

 

Sjølvhjelpsgruppe i Sogndal onsdager kl 19.00-21.00

LPP Sogn og Fjordane og Frivilligsentralen i Sogndal har starta opp sjølvhjelpsgruppe i Sogndal. Møta er på kantina på Helse og omsorgssenteret i Sogndal. Her er det berre å møte opp for dei som er interessert. De kan også ta kontakt med Kjerstin på tlf. 99582606 om de ynskjer meir informasjon. Velkommen.

 

Filmvisning veke 43

Filmen «The Recovery Channel» blir vist på kino i Sogndal, Førde og Nordfjordeid i veke 43. Etter filmen blir det panelsamtale med representantar frå Helse Førde, kommunar og brukar.
Meir informasjon blir sendt ut seinare.

 

Mvh. LPP Sogn og Fjordane ved Astrid Gytri, styremedlem og sekretær