Nytt fra Sogn og Fjordane
Vårt fylkeslag her i gamle Sogn og Fjordane har som dei fleste andre brukarorganisasjonar blitt prega av den pågåande pandemien. I tillegg til dette så vart også FFO kontoret i Førde lagt ned frå 1.juli 2020 og vi måtte flytte ut kontoret vårt frå FI- senteret der vi hadde j kontorfellesskap og møterom ilag med mange andre organisasjonar. Vi har pr. d.d. tilgang til eit kontor og lite møterom i 4.etg på Helsehuset i Førde. Av ulike grunnar så har det ikkje vore i bruk i særleg grad – vi håper at vi får opne opp for meir kontakt med medlemmer og publikum seinare. Vi har no kome i gang med å nytte Teams for gjennomføring av styremøte og arbeidsmøte med brukarrepresentantar. Vi har også diskutert mulighet for medlemsmøte på Teams. Styret bestemte å utsette årsmøte til juni i håp om å ha eit fysisk møte, men dette må vi kome tilnake til.
I Nordfjord har LPP Sogn og Fjordane etablert Møteplass ilag med Nordfjord psykiatrisenter og kommunane Stryn og Stad. Vi har trass pandemien gjennomført 3 møter i denne perioden, og men måtte utsette møte den 16. mars til 13.april – håper at vi får gjennomført dette.
Vi har hatt eit stort fokus på gjennomføring av Møteplass på Eid og vi arbeider med å etablere Møteplass i Førde og Sogndal. Pandemi, kommunesamanslåing og nybygg i Helse Førde har vore argument hos våre samarbeidspartnarar når dei ikkje har hatt kapasitet til å starte opp med Møteplass i 2020. Vi håper å kome i gang i løpet av våren i med opplæring av tilsette og pårørande som skal stå for drifta av Møteplass.
Brukarmedverknad
Ei sak som vi her i fylket er blitt stadig meir oppmerksom på er manglande brukarmedverknad, både på individnivå og systemnivå. For at brukarane skal kunne medverke og gjere val så treng dei god informasjon og opplæring. Gjennom individualterapi så får nok pasientane noke opplæring, men helseføretaket og kommunane har i liten grad etablert kurs og opplæring til pasientar og pårørande innan psykisk helse/rus. Heller ikkje brukarorganisasjonane har opplæringstilbod. LPP Sogn og Fjordane dekker 19 kommunar. LPP S&F har kun brukarrepresentant i eit kommunalt råd. Det er også svært få representantar frå andre brukarorganisasjonar innan psykisk helse og rus. I Helse Førde så er både Rusettervernet, Mental Helse og LPP med i Brukarutvalet som faste- eller varamedlem. Det er 3 psykiatriske institusjonar i vårt område, men det er kun Nordfjord psykiatrisenter som har knytt til seg ein brukarrepresentant. Ved Psykiatrisk klinikk i Førde var det brukarrepresentant med i avdelingsråd fram til 2018, Ved Indre Sogn psykiatrisenter har det ikkje vore med brukarrepresentantar på mange år. LPP har gjennom åra vore med i nokre arbeidsgrupper i helseføretaket, og vi har blitt godt motatt. Det er likevel vanskeleg å tru på at vi blir sett på som ein likeverdig samarbeidspartner når brukarrepresentanten ikkje får tilsendt dei same sakspapira som resten av gruppa, brukarrepresentanten ikkje blir kalt inn til møte, eller at brukerrepresentanten ikkje får melding om at møtet er avlyst.
I 2016 vart det vedtatt ny Forskrift om leiing og kvalitetsforbedring i helse og omsorgssektoren, (Ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten – Helsedirektoratet) og dette er eit dokument som helseføretaka og kommunane brukar når dei vurderer eiga drift. Her blir det beskrive korleis brukarmedverknad skal nyttast for å kvalitetssikre og utvikle tenestene. For å skape «Pasientens helseteneste» slik som Storting og Regjering ynskjer så må brukarane, pasientar og pårørande, involverast – både på individ og systemnivå. Det synes
som det er lite kunnskap iblant både fagfolk og leiarar i tenestene om kravet til brukarinvolvering på systemnivå. I forskrifta som kom i 2016 er brukarmedverknad for fyrste gang teke med som eit viktig verkemiddel for helseføretaka og kommunane i planlegge, drift og evaluering av eigne tenester.
For å lykkast i arbeidet med å utvikle tenestene så må vi som pårørande også fortelje om våre erfaringar og nokre ganger også ta på oss oppgåver som brukarrepresentantar. Det er vi som veit korleis tenestene faktisk fungerer for dei sjuke og familiane. Mange pårørande er diverre utmatta og kan kjenne på avmakt som fylgje av rolla som pårørande. For mange pårørande blir det som fylgje av dette for vanskeleg å vere brukarrepresentant for LPP. Det er likevel veldig viktig at erfaringane til den pårørande blir formidla til fagpersonar/leiarar i kommunar og helseføretak. Her har LPP sitt nasjonale satsingsprosjekt Møteplass ei viktig rolle.
MØTEPLASS for helsefremmende dialog er en arena for et likeverdig møte og gjensidig læring mellom pårørende og fagfolk, der pårørendes situasjon er i fokus. (MØTEPLASS – LPP – Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse)
Møteplass gir pårørande ei unik mulighet til å formidle sine erfaringar og refleksjoner til fagfolk, og gjennom dialog kan pårørande og fagfolk medverke til betre tenester. Dette vil vere positivt både for den sjuke, pårørande og tilsette. Det vil også gi ein samfunnsøkonomisk gevinst. På Møteplass kan alle pårørande delta – ein treng ikkje vere medlem i LPP. Det blir sett opp tema for kvart møte og samlingane blir leia av fagfolk som har fått opplæring av LPP sine Møteplass konsulentar.
Gjennom Møteplass kan leiarar og fagfolk få informasjon om korleis tenestene fungerer, Dei kan formidle informasjon til pårørande og både pårørande og fagfolk blir betre kjent med kvarande på tvers av kommunegrenser og avdelingar. Pårørande beskriv at det er godt å møte andre pårørande på Møteplass.
God påske til alle.
Helsing frå Anette Shanks, leiar
Astrid Gytri, sekretær