Styret i Helse Førde vedtok å kutte 6 millionar til psykisk helsevern

I styremøtet i Helse Førde 11. desember vart det gjort vedtak om store nedskjeringar i drifta av psykisk helsevern. Både poliklinikken for barn og unge og fleire avdelingar for vaksne blir råka. Styret lar øksa falle – Helse Førde kuttar i psykiatri og legg ned Aktiv på dagtid. Styret ville ikkje høyre på verken ordførarane i fylket eller fylkestinget sine protestar. Styreleiar Jorunn Ringstad argumenterer med at Helse Førde har styrka psykisk helsevern for barn og unge siste 10 åra og at det no må gjerast ei ommstilling som m.a.innbere å redusere tal innstillingar. LPP kan ikkje forstå ein slik argumentasjon i det opptrapping innan psykisk helsevern var ei nasjonal satsing for å bygge om tenester til pasientgrupper som tidlegare ikkje hadde tilfredsstillande behandlingstilbod. Storting og regjering vil framleis ha ein vekst i tilboda i denne sektoren. Helse Førde vel likevel å legge ned tilbod.

 

Print Friendly
Del på: