Krenkelsar i psykiatrien?

Psykisk helsevern får merksemd etter sensasjonsprega hendingar som drap og sjølvdrap og bruk av tvang blir debattert når det blir stilt spørsmål om samfunnet skal vernast mot alvorleg psykisk sjuke menneske. Politikarar og fagfolk diskuterer omorganisering, nedlegging av døgnplassar og overføring av ansvar til kommunane. Kommunane, institusjonane, NAV prøver å hjelpe så godt dei kan og mange tilsette gjer meir enn det ein kan forvente ut frå deira stilling. Pasientar og pårørande fortel om positive erfaringar, men dessverre er det alt for mange som har negative erfaringar frå møte med hjelpeapparatet. Mange kjenner seg krenka av hjelparar og system. Brukar- og pasientombod fortel om saker der den sjuke og/eller pårørande har opplevd krenkelsar når dei vore i kontakt med psykisk helsevern. LPP blir også kontakta av pårørande som fortel om slike erfaringar med psykisk helsevern.

 Alle menneske kan oppleve å bli krenka. Årsaka til krenkelsen og opplevinga ved å vere krenka er ulikt. Krenkelse påverkar den psykiske helsa og kan føre til sjukdom. Når ein søker hjelp for psykiske helseplager eller kroppslege symptom så har ein ei forventning om å bli møtt med respekt. Ein har også ei forventning om å få hjelp – symptoma skal bli mindre og kvardagen skal bli betre. I denne situasjonen er alle sårbare. Stigma knytt til psykisk sjukdom og sjølve symptoma ved den psykiske lidinga gjer ein særleg sårbar.

Krenkelsar skjer gjennom ord og handlingar i møte mellom menneske.

Finn Skårderud seier det slik:Fornærmelsen kan man riste av seg, ydmykelsen kan vi le av, men den krenkete er allerede blitt alvorlig skadet”. (Sitat slutt)

 Ein krenkelse rammar det innerste menneskelige og sjølve det levande livet hos den krenka. Resultatet er skam, kjensle av mindreverd, hjelpeløyse og avmakt. Krenkelse kan føre til at ein misser sin identitet som eit respektert menneske som meistrar livet sitt.

Det er lett å tenkje seg at overgrep mot barn, krigshandlingar, vald, mobbing osv. kan påføre krenkelsar. Det er vanskelegare å forstå at eit system som skal ta vare på menneske i ein sårbar fase kan påføre dei krenkelsar. Den krenka vil ikkje alltid vere i stand til å sette ord på det som har skjedd, men audmjukinga og skamma vil likevel sette spor i kroppen og i det menneskelige i mennesket. Når ein blir fråtatt sine rettar, mister andre sin respekt eller blir tvungne til å leve på ein nedverdigande måte så er det ei krenking. Vår identitet er knytt til meistring og tilbakemeldingar frå omgjevnadane. Det er ikkje vanskeleg å forstå at krenkelse kan utløyse psykisk sjukdom og det kan oppretthalde og forverre sjukdomen. Krenkelsen påverkar oppleving av eigenverd og forhold til omgjevnadane. Holdningar og kompetanse hos personalet avgjer korleis ein opplever møtet med psykiatrien.  For mange, både pasientar og pårørande, kan det bli ein lang kamp for å forsøke å få att ei oppleving av respekt frå andre og sjølvrespekt.

Nokre pasientar er innlagt i psykiatrien mot sin vilje. Dette er ei særleg utfordring. Sjølv om målet alltid er å sikre pasienten behandling og hjelp så opplever pasienten ofte at sjølve bruken av tvang er krenking. Avdelinga og personalet sin måte å gjennomføre tvangstiltaka er viktig for at pasienten ikkje skal kjenne seg krenka og ha tillit til psykiatrien i framtida.

Det er ofte vanskeleg å snakke om at ein kjenner seg krenka av helsepersonell. Redsel for fleire krenkelsar kan vere ei hindring. Pasientar og pårørande kan også vere redde for kome med kritikk av helsepersonell fordi det kan verke inn på den hjelpa dei treng. Nokre pasientar avsluttar behandlinga fordi dei har mist tilliten til helsevesenet.Personalet og Psykisk helsevern som system, har stor makt i møte med sårbare menneske sin livskvalitet. Vi fryktar at nedprioritering av kvalitet og kapasitet i Psykisk helsevern kan føre til fleire krenkelsar av brukarar, pasientar og pårørande.

Print Friendly
Del på: