Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne – ein ukjent del av demokratiet?

Hausten 2015 er det kommune- og fylkestingsval. Då skal det også veljast nye Eldreråd og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i alle kommunar og fylkeskommunar. Staten har gjennom lovverk bestemt at menneske med nedsett funksjonsevne og eldre skal omfattast av særskilte tiltak for å sikre at dei medverkar i utforminga av tenester i fylke og kommunar. Deira erfaringar og kompetanse er viktig for å skape samfunn som er gode for alle. LPP si erfaring er at desse råda er lite kjent både for brukarorganisasjonane og befolkninga elles. Det synes også som mange kommunane har vanskar  med å nytte råda i samsvar med staten sin intensjon.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal handsame saker som er særleg viktige for denne gruppa. Det gjeld t.d. saker som tilgjenge, arbeid mot diskriminering, kommunen sin økonomiplan, bustadbygging, sentrumsutvikling, opplæringstilbod, avlastning, arbeid og aktivitetstilbod,  spesialopplæring i skulen, fritidstilbod  osv.

Kommunestyret/fylkestinget skal vedta mandat, samansetjing av rådet og tal medlemmer.   Rådet skal vere sett saman av politikarar og representantar frå brukarorganisasjonane. Tilsette i administrasjonen i kommunen/fylket kan også vere representert i rådet. Brukarorganisasjonane har rett ril å kome med forslag på medlemmer til rådet. Det er viktig at dei ulike brukargruppene, psykisk utviklingshemma, fysiske funksjonshemma, rus og psykiske sjuke, er representert.

I Sogn og Fjordane er brukarorganisasjonane innan psykisk helse og rus kun  representert i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i nokre få kommunar. LPP meinar dette ikkje er tenleg  ut frå den nasjonale målsettinga om å sikre at verdifull erfaringskompetanse på ein systematisk måte blir nytta i tenesteutviklinga – og planarbeidet i kommunen.  Vi vil oppfordre kommunane/fylkeskommunen til å sjå nærare på korleis Råd for menneske med nedsett funksjonsevne fungerer i deira kommune i dag og vurdere om det er nødvendig å gjere endringar i eige reglement for å sikre at lova sin intensjon blir fylgt opp.  Det er viktig at dette blir gjort no før valet slik at dei nye råda kjem i drift så snart som mogleg etter valet 14. september.  Brukarorganisasjonane må også få informasjon om oppnemning av brukarrepresentantar  og tidsfrist for innsending av forslag på kandidatar.

LPP vil oppfordre kommunane  til å syte for at brukarorganisasjonar innan psykisk helse og rus blir representert i alle kommunale/fylkeskommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette bør konkretiserast i kommunane sine eigne reglement. Kommunane tek over stadig meir av ansvaret for førebygging, behandling og oppfylging  av menneske med psykisk sjukdom/rusproblem og det er viktig at desse gruppene sjølv medverkar når tenestene skal planleggast.  Pårørande og brukarar innan rus/psykisk helse sine erfaringar og kompetanse kjem til nytte når deira organisasjonar er representert i råda. Kommuneadministrasjonen og politikarar må i fellesskap ta ansvar for brukarane blir representert i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og at råda fungerer slik som Barne-, ungdoms, og familiedirektoratet (Bufdir) pålegg kommunane. LPP ynskjer at både brukarorganisasjonane, politikarar og administrasjon merkar seg denne saka og vil fylgje den opp i si kommune. Vi vil også oppmode brukarar, pasientar og pårørande om å engasjere seg i brukarorganisasjonane. Det er nyttig for den einskilte og felles erfaring kan nyttast for å utvikle gode lokalsamfunn og tilpassa tenester.

Print Friendly
Del på: