Avdelingane innan Rus og psykisk helsevern samarbeidar dårleg med pårørande.

Kunnskapssenteret gjennomførte hausten 2014 ein brukarundersøking iblant pasientar som var innlagt ved døgnavdelingar DPS og i døgnavdelingar innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Felles for begge undersøkingane var at pasientane ikkje opplevde at behandlarar/personalet samarbeida godt med pasienten sine pårørande. 58% av pasientar i DPS avdelingane og 73% av pasientane i TSB avdelingane meinte at behandlarane/personalet hadde «ikke i det heile tatt», «i liten grad», eller «i noen grad» samarbeidet godt med pårørande. Største delen av pasientane opplevde også at behandlarane/personalet «ikke idet hele tatt», «i liten grad» eller «i noen grad» har førebudd dei på tida etter utskriving. Les meir her. Undersøkinga vart gjennomført på oppdrag av Helsedirektoratet. Pårørande har i mange år peika på manglar i samarbeidet med spesialisthelsetenesta og at pasientane blir utskrivne før det er avklart og tilrettelagt for vidare behandling/oppfylging. Både Helseministeren og dei lokale helseføretaka må fylgje opp undersøkinga frå Kunnskapssenteret.

Undersøkingane kan lesast her:

Pasienters erfaringer med døgnopphold innen psykisk helsevern_2014.

Pasienterfaringer med døgnopphold innen tverrfaglig spesialisert rusbehandling 2014

Pasienterfaringer med døgnopphold innen tverrfaglig spesialisert rusbehandling 2014 Pasienters erfaringer med døgnopphold innen psykisk helsevern_2014

Print Friendly
Del på: