Auke i tal tvangsinnleggingar i Helse Førde

I styremøtet i Helse Førde i september vart det lagt fram tal som viser at det har vore ein vekst i tvangsinnleggingar på 23% samanlikna med 2013. Sjå Tertialrapport for Helse Førde.  LPP meinar at dette er utvikling i feil retning og er bekymra for konsekvensane av ei vidare nedskjering i budsjettet for psykisk helsevern. Det er ei nasjonal målsetting at det skal vere ein reduksjon på 5% i 2014. Auken i tal tvangsinnleggingar har kome i ein periode der gjennomsnittleg tal liggedøgn i akuttposten har blitt halvert. Ressursmangel har også ført til at prosjektet «Førebygging av sjølvmord» som er ein del av Nasjonalt pasientsikkerhetsprogram, vart utsatt 1 år. Helse Førde har ikkje etablert tilbod om systematisk opplæring til pasientar og pårørande innan psykisk helsevern. Dette er ei oppgåve for helseføretaka. Ordførarane i Sogn og Fjordane vil gjere opprør mot Helse Førde sine planlagte kutt i  tilbod til barn og unge og vi håper at dei også vil stå på for vaksenpsykiatrien. I tertialrapporten kjem det også fram at veksten innan somatikk har vore større enn innan psykisk helsevern.Dette skjer trass lovnader frå regjering og helseminister om at psykisk helsevern skal ha største veksten.

Print Friendly
Del på: