Artikler

> se alle

Helseministeren og helseføretaka sviktar psykisk sjuke.

Brukarmedverknad og mindre bruk av tvang var satsingsområde som eit samla Storting stilte seg bak i 1997 når Opptrappingsplanen for psykisk helsevern vart vedteken. I 2015 opplever vi at erfaringskonsulent Målfrid Frahm Jensen vart pressa til å seie opp stillinga si ved Psykiatrisk divisjon ved Stavanger Universitetssykehus etter at ho uttalte seg til media om internrevisjonsrapporten om bruk av tvang i Helse Vest.

Krenkelsar i psykiatrien?

Brukarar og pårørande opplever dessverre altfor ofte å bli krenka i møte med psykisk helsevern. Fordommar og mangel på kunnskap om psykisk sjukdom kan føre til at krenkelsen får store konsekvensar. Det kan bli ein lang og vanskeleg kamp for å gjennvinne sjølvrespekt og oppleve å bli respektert av andre.

Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne – ein ukjent del av demokratiet?

I samband med kommune og fylkestingsvalet skal det hausten 2015 oppnemnast nye kommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Råda skal vere samansett av politikarar og representantar frå brukarorganisasjonane. Det er viktig at organisasjonane som representerer psykisk helse og rus får plass i desse råda i alle kommunar